F X Pips og Husankongen vann

Skrevet av Sverre,  22.09.2013
Artikkelbilde
Husankongen vann i kveld og

Begge våre favorittar innfridde på Leangen i kveld.

Frode var før løpet klår på at han ville satse alt på å vinne dette løpet, - noko han og gjorde med god margin. Tida: 18,9 er ny rekord, - trass litt tung bane.

 

Husankongen vann og, men her med knappast mogeleg margin. Jomar kuska og plassserte seg midt i feltet. Det vart kjørt i 25-fart, - så det vart tungt å arbeide seg framover då spurten, som vanleg, starta på siste langside. Dei måtte i tredje spor i svingen og kjempa hardt oppover oppløpet. Dei vann så vidt det var framfor NUUK og Atle Solhus. Tida vart 26,0

 

Inge Melby kjørte Bye Bye Baby for dei to Leifane: Husby og Hastadklev. Bye Bye Baby kom inn som nr to, bak Shai Sontelle.Tida vart 19,0.

 

Becky's Sunflower var med i same løpet, - men kom inn som første utan premie i kveld.

 

Sancus Cox, den 3 års gamle vallaken til Lars Gunnar og Trine Lerfald, fekk premie i sin første toto-start på LeangenTida vart 19,8. Atle Eggan kjørte.