Skrevet av Sverre ,
04.07.2013
Vinn Frode og Pearl Princess på mandag og?
Mandag er det «lunchtrav» på Leangen.Sjølv om det berre er 5 løp, har vi fleire med frå dalføret.
Pearl Princess er først ute. Hoppa til Lars Brekke står i trening og blir kjørt av Frode Husbyn. Sist ho starta vann ho, - og er tippa favoritt på mandag
Leo Even og Hegras Sokken skal ut i det neste løpet. Her er Hegras Sokken og Arne Nilsen tippe framst, jamvel om Leo Even var best sist. Grunnen er at disansen er kortare, - noko ein trur Sokken tener mest på.
Spang Draupner går i siste løp, - og Edvard Kristiansen trur han vil kjempa langt framme om han unngår galopp.
Pondus starta på Momarken laurdag. Han møter hard motstand denne gongen, og er ikkje tippa mellom dei framste.