Skrevet av Sverre,
01.05.2013
Pondus vann på Bjerke sist onsdag
Det går bra for hestane til Sigmund Hansen for tida. Sist onsdag vann Pondus sikkert på Bjerke, med tida 26,6 over 2600 m. Pondus viste nok ein gong at styrken er det sterkaste våpenet hans. Arne Nilsen gav han ei finare reise enn på Leangen sist, og venta med å sette inn støtet til sisterunden.
Då var det ingen som kunne fylgje han lenger.
Førstepremien var på 30 tusen.
Laurdag var det Marmorjenta og Jan Martin Bjerring sin tur. Dei starta i V-75 på Biri. Bjerrring spara og på konfekten og venta til sisterunden med å gå fram. Det vart eit jamnt oppløp,- og Marmorjenta kapra 2.plassen, med tida 26,9 over full distanse. Nye 30 tusen til Sigmund
Gratulerer.