Skrevet av Sverre,
27.04.2014
Her er Aas Ylva på lokalkjøringa. I morgon møter ho på ny Sultan, som vann løpet biletet er frå
I morgon er det nok eingong Aas Ylva som har størst seierssjanse.Atle Solhus kuskar.
Husankongen er og på plass i morgon. Han har ikkje fått det til så langt i år, men omslaget kan kome når ein minst ventar det... Jomar Blekkan kjører.
Becky`s Sunflower har og berre nådd fram til premifatet ein gong i år,- men prøver seg på ny. Arve Sjoner kjører.
Aas Ylva har gjort det godt medan skrivaren var på påsketur til USA.
Medan eg var i New York stakk eg innom The new Meadowlands. Tankane fall på Nye Leangen. Men skilnaden var stor, - og konseptet var heilt annleis.
Dei hadde eit særskilt fokus på folk som var på travbanen for første gong. Ein kar gjekk og omkring og rettleidde dei som trong, og bad om det, korleis ein kunne spele.
Ein annan kom og spurde etter korleis ein trivdes
Der var ingen trenarstall knytt til banen, men eit reindyrka annlegg for spel og underhaldning. Ikkje berre splel på hest. Kvelden eg var der spela dei jamvel poker.
Løpa hadde mest jamngode hestar i ale løpa, - og liten skilnad mellom dei. Største skilnaden var om dei gjekk i pass eller trav.