Skrevet av Sverre Sævareid,
22.03.2012
Alfalfa og Jomar Blekkan i 2010
Mandag er det nye løp, og nye sjansar, - og ny spenning. Touched By An Angel skal gå prøveløp att.
Alfalfa går i eit ungdsomsløp, og blir kjørt av Stine E Kvernberg. Hoppa som blir trena av Annelise Wara, er vurdert til å vere mellom dei tre beste. Stine er ein offensiv kusk, - så sjansen for at ho blir liggande fast bak i feltet, vurderer eg til å vere liten. Spørsmålet vert meir om ho klarar disponere kreftene rett.
Anne Guro Dahle skal på ny ut med Justaminute. Dette løpet synest alt på førehand å vere vunne av Sean Trot, ridd av Liv Pedersen. Anne Guro står i spor ein. Ho må difor ha eit anna løpsopplegg enn for dei siste startane, der ho har lagt seg bak leiarfeltet. No vert ho kan hende tvungen til å dra, for ikkje å gje tilleggshestane for lett eit løp. Sjansane for å kome mellom dei beste i mål denne gongen, ser eg som berre passe store .
Først ut, alt i andre løp, skal Elve Prinsen prøve seg mot Nordlirappen, Trønder Pipo og Gikling Balder.
Det er eit amerikanerløp,der dei med minst grunnlag startar først. Elve Prinsen har fått spor 6 av 12 startande. Han må såleis vise stor betring for å kome mellom dei tre første i mål. Noralf Brækken set som vanleg i sulkyen.