Alfalfa og Leo Even til start mandag

Skrevet av Sverre Sævareid,  01.03.2012
Artikkelbilde
Alfalfa og Arve Sjoner

På Leangen mandag 5.mars er det desse to som startar av hestane i laget. Eigarar er Wara/Midtlyng og Miguel Borrego. Kuskar: Arve Sjoner og Harald Johnsen.

Trav og Galoppnytt rangerer Alfalfa som nr 5 og i løpet til Leo Even garderer dei heile feltet.

Leo Even var stri sist han var til start og gjekk tom før han kom til mål. Om han finn meir ro bak ein rygg på mandag er det gode sjansar for ei god plassering.

Elles er  Hege Skei sin Lykkelandets Oskar mellom favorittane i 5.løp: Dameløpet. Brit Dregelid kuskar. Lena Valstad skal kjøre Mai Elena i same løpet.