Andreplass til Trons Pila

Skrevet av Sverre Sævareid,  13.01.2013

Trons Pila la friskt i veg i Egil Alnæs Æresløp. Ho pila til tet alt på første bortre langside, og heldt førsteplassen heilt til Frakast trava forbi på oppløpet. Frakast låg lenge som nr 3 inne ved lista, og fekk slik eit litt lettare løp enn Pila.

Andreplassen førte 37500 kroner inn på kontoen til eigarane:Jan Olav Dahlø og Birgit Venn.

Bagpipe vart stroken og Mai Elena nådde ikkje fram til premieplass denne gongen..