Skrevet av Sverre Sævareid,
02.02.2020
Moonshine Star og Brækken.
Hestane er dei første ein møter når ein kjem til Arve Welvang. Stjerna (Moonshine Star) står framst i eiga inngjerding. I neste står Moonshine Jet og Just Kidding, og til sist dei to Shetlandsponniane: Amanda og dottera Victoria. Bortafor der er gå-maskina.
Arve fortel at han har plass til fleire hestar i stallen. For nokre år sidan var Jon Anders Kvaale nabo. Han hadde ei stund fleire hestar der. Men no er det mest berre Arve som er oppteken av hest her. Shetlandsponniane kjøpte han for å vekke hesteinteresse hos barneborna, - men dei har så mange andre tilbod, så mykje anna som drar..
Arve sjølv har og fleire jarn i elden. Han dreg på jobb i Trondheim og bur i nytt hus. Han fortel at siste åra har vore prega av sjukdom i familien. Hestane har måtta kome i andre rekke.
No er heldigvis dette over. Huset er ferdig og familien frisk att. Men jobben står han enno i, - «tek eit år om gongen».
Tilbake til hestane.
Ponniane Heiter eigentleg:Carinas Amanda f. 2002 og Amandas Victoria
f. 2012. Arne kjøpte dei av Sissel og Ole Morten Øyås. Dei har blitt brukt til riing,- i den grad dei er brukt. Arve kunne tenkt seg å la dei prøve ha sjeker på dei, med mål om å spenne vogn bak dei. - Men då må det kome nokon som vil sitje i vogna.
Just Kidding er fødd i 2003 og er mor til dei to vallakane: Moonshine Jet f. 2012 og Star f. 2015. Jet har ikkje fått noko karriere på totobanen enno,- Var freistande å skrive «jet».
Dei engelske hestenamna inviterer til meir skjemt, - men eg vil la det emnet ligge.
Just Kidding gjekk to godkjende mønstringsløp med Frode Husbyn i sulkyen. Ho prøvde seg nokre gonger som 5-6 åring, og fekk premie ein gong. Det var alt. Det første avkommet har, som alt skrive, aldri vore på Leangen.
Moonshine Star sette han til trening hos Erik Brækken. Han kom til start som 3-åring. Framgongen stoppa på grunn av ein vekstperiode. Då tok han «stjerna» heim, - og her står ho.
Men det kan kome nye tider. - Enno kan stjerna skine...
Du finn bilde av dei andre hestane til Arve under "Sport /Lagets hester"