Skrevet av Sverre Sævareid,
25.10.2012
Bagpipe er nok ein gong gjort til sikraste val i V-5 spelet. Sist innfridde han. Det knyt seg alltid spenning til korleis det skal gå, men alt tyder på at det vil bli ny triumf for Frode Husbyn og Leif Hastadklev mandag.
Løpet er kvalifisering til hesteigarkanna. Pondus skal gå same kvalifiseringsløpet for kaldblodshesane. Han er vurdert som eit andreval. Som eg skreiv, fekk han ei lang og tung reise sist han starta. No startar han lengre framme. Spørsmålet er kor lenge han vil halde seg der?
I tillegg til desse to skal hoppa til Linda Bremvåg, Vikan Lita, trave. Også denne gongen kuska av Andre H Stensen. Han seier at ho er i god form og vert ikkje overraska om ho vinn. Trav- og Galoppnytt har ho som andreval.
Vallaken til Tor Unsgaard, Naipin Suprise, vert kjørt av Jomar Blekkan. Han er og tippa mellom dei framste, men ikkje som vinnar.
Med andre ord: mandag har vi fire hestar til start som alle har gode sjansar til å hevde seg.