Skrevet av Sverre Sævareid,
30.09.2012
Bagpipe gjekk bokstavleg tala utanpå dei andre i dette opne trønderske meisterskapet. Han kom tidleg fram i «dødens», - og vart liggande der og presse leiande » Leo on line» og Atle Solhus. På oppløpet fekk «sekkepipa» ein enno friskare låt,- og gjekk til tet. Sjølv om Crazy News og Stensen kom sterkt på slutten kunne dei aldri true seieren til Bagpipe, som med dette forsvara tittelen frå i fjor.Tida vart gode 14,7 over full distanse.
Bagpipe er den hesten over 5 år som har kjørt inn mest på Leangen i år: 225 tusen.
Det vart og andre gode resultat i kveld: Pondus kom tilbake og fekk ein fjerdeplass i eit sterkt felt.
Den gode hoppa til Lena Valstad, Mai Elena, fekk og ein fjerdeplass, trass galopp tidleg i løpet.
Fjerdeplass fekk og Pearl Princess (Eigar:Lars Brekke).
Til sist vil eg ta med at Vikan Lita gjekk eit svært bra løp på Biri sist Fredag. Stensen kjørte ho inn til ein sterk andreplass, - og ny rekord:29,4.