Bagpipe og Pondus tente mest i 2012

Skrevet av Sverre Sævareid,  03.01.2013
Artikkelbilde
Bagpipe og Frode Husbyn i aksjon

2012 vart eit av dei beste åra for Stjørdal travsportforening sine hestar. Aller mest tente laget sin beste varmsblodshest: Bagpipe, med 294 000 innkjørt. På dei neste plassane kom Alfalfa (eigd av Annelise Wara og Jørgen Midtlyng) og Zylona Z (eigd av Leif Husbyn)

Bagpipe er og den hesten som fekk med seg mest premiepengar frå Leangen i 2012. Hingsten er fødd i 2006 og eigd av Frode Husbyn og Leif Hastadklev, Frode trenar og kjører han i løp. Til saman har han kjørt inn 734500 kroner.

Kaldblodshestane gjorde det samla sett mykje betre. Dei kjørte inn i alt 916664 kroner,- mot totalt innkjørt for varmblods: 354000 kroner

Pondus

Aller mest tente Pondus med 242456 kroner.Han er fødd i 2007, eigd av Sigmund Hansen og står i trening hos Arne Nilsen. Trons Pila (eigar; Jon Olav Dahlø og Birgit Venn) kom på andre, Eldjenta (eigar;Annelise Wara og Jørgen Midtlyng) på tredje og ,  først på 4 plass: den hesten som vann flest løp på Leangen i 2012: Husankongen, som er eigd av Aurora Hoff Svendsen og Harald Johnsen.

Totalt kjørte hestane i laget inn nær 1.3 million