Skrevet av sverre,
05.01.2012
Bagpipe og Frode Husbyn i aksjon
Av varmblodshestane i laget kjørte Bagpipe inn 268500 kroner i 2011. Det var blodshingsten til Leif Husbyn som vann flest løp på Leangen. Han vann 8 løp, - oftast kuska av Frode Husbyn, som også trenar han.Bestenoteringa vart gjort 2.oktober med tida 14,6.
På andre plass kom Alfalfa, eigd og trena av Annelise Wara, med 60500 innkjørt.
Totalt kjørte varmblodshestane i travlaget inn 408445 kroner.
På kaldblodssida vart Trons Pila best i 2011 og. Hoppa til Jan Olav Dahlø og Birgit Venn starta i løp berre fram til 2.juli i år. Ho kjørte inn 179003 kroner. Bestenoteringa vart gjort på Bjerke den 24.juni, med tida 24,6 over full distanse. Totalt har hoppa kjørt inn 872326 kroner.Hesten er trena og kuska av Noralf Brækken.
På andreplass kom 4-åringen Pondus,med 109878 innkjørt.Hingsten er eigd av Sigmund Hansen, som og står for oppdrettet. Han vert trena og kuska av Arne Nilsen, Leangen.
Kaldblodshestane i laget kjørte inn 661197 kroner. Totalt blir dette over ein million innkjørt. Vi gratulerer.
Nedafor er oversikten over alle som gjekk totoløp i fjor.
kalde 661 197
varme 408 445
tot 1 069 642