Bagpipe og Trons Pila vann mest i 2009

Skrevet av Sverre Sevareid,  23.06.2010
Artikkelbilde
Trons Pila (kusk og trener: Noralf Brekken) og Bagpipe (kusk, deleier og trener: Frode Husbyn) i aksjon i 2009. ©hesteguiden.com

Hestelista har kome. Ho viser kor mykje kvar einskild hest har kjørt inn i året som gjekk. Stjørdal Travsportforening kårar kvart år Årets kaldblods- og årets varmblodshest.

For 2009 vart 3-åringen  Bgpipe vinnar av varmblodsklassa. Bagpipe er eigd av Frode Husbyn & Odd Arne Hernes. Bagpipe starta 9 gonger, vann 4 løp og  kjørte inn 117 000 kroner. Høgdepunktet var då han kvalifiserte seg for Gjensidige Norsk Travkriterium (Kriteriet) Løpet gjekk på Bjerke Travbane 4. oktober, og er det mest prestisjetunge travløpet ein kan delta i med 3-årige travhester her til lands.

På kaldblodsida vann Trons Pila, eigd av Jan Olav Dahlø & Birgit Venn. Hoppa var 5 år i 2009 og starta 18 gonger, vann 5 løp og fekk premie i 13. I alt kjørte ho inn 204899 kroner. Største triumfen var V 75 siger på Momarken 4.juli. Her fekk ho 60.000 i premie. Trons Pila står oppstalla hos Noralf Pallin Brækken. Han trenar og kuskar hoppa.

  Vi gratulerer!