Bagpipe sigra. Becky's Sunflower 3.plass på Leangen.

Skrevet av Sverre ,  05.08.2013
Artikkelbilde
Bagpipe og Hege Morken vann monteløpet på Leangen i kveld.

Bagpipe og Hege Morken opna i 11-fart, men klarte likevel å halde seg suverent i tet heile løpet, - og kom i mål på gode 14,9, - to sekund før nr 2, favoritten, Pompier. Hingsten til Frode Husbyn og Leif Hastadklev har starta spele vinnarmelodien att...

I løp 9 kom Becky's Sunflower til start for første gong. Den 5 år gamle hoppa til Annelise Wara og Jørgen Midtlyng har hatt ein vanskeleg start på karrieren. Bjørn Garberg er kusk, og han plasserte seg som nr 3. Han var ei kort stund på andreplass, men klarte ikkje halde tempoet til tet-duoen på oppløpssida. 3.plass i debuten må vere godkjent, - jamvel for derbyvinnarar.

I same løpet kom Bye Bye Baby, - også eigd av Frode Husbyn og Leif Hastadklev, på 7.plass.