Skrevet av Sverre,
04.05.2014
Frode Husbyn og Bagpipe startar på Leangen i morgon
Frode Hysbyn er tilbake på Leangen etter vintertrening. I morgon prøver Bagpipe seg på ny. Han har vunne 21 løp i karrieren. I fjor vart det rett nok berre 2. Kjem han tilbake i år? WY FI er tippa vinnar i løpet,Bagpipe som nummer to.
Frode startar og med Rommy F. H. Denne hesten eig og Leif Husbyn ( han eig Bapipe saman med Leif Hastadklev).Rommy F. H. er gjort til favoritt...
Pondus startar ikkje. Han starta på Biri i går - og vart nummer 3. Pondus fekk ein dårleg start, og var sist heilt fram til siste langsida. Han sette då inn ein vanvittig sluttspurt, men enda i 4-5 spor i siste svingen. Jamvel for Pondus vart dette for hardt. 3-plass etter ei slik reise må ein seie seg godt nøgd med.