Blir Bagpipe trøndersk meister ?

Skrevet av Sverre Sævareid,  27.09.2012

Søndag  (merk dagen) er det mange hestar frå dalen vår som startar. Størst spenning knyt det seg til Bagpipe, som denne gongen kjempar om å vinne det opne trønderske meisterkapet. Trav og Galoppnytt (tgn )har hingsten til Leif Hastaklev og Frode Husbyn som vinnar. Dei verste konkurrentane trur dei blir: Leo on Line (Atle Solhus),Thai Olympic (Magne Olsen) og Ebbes Igor LJ (Ivar Asphaug).

Stor vinnarsjanse meiner dei og at Naipin Surprise har. Vallaken til Tor Unsgaard, skal prøve seg i eit nytt monteløp. Han har ikkje lukkast der før, men har galoppert seg bort. Denne gongen er det Liv Pedersen som rir. Ho er mellom dei beste ryttarane i landet. Klarar ho få han til å renne reint og raskt, - og rette opp resultata frå tidlegare travritt ?

 

Mai Elena skal kjørast av Jomar Blekkan. Ho er tippa på trippelen. Lykkelandets Oscar går i same løpet. Pearl Princess skal ut i 6.løp. Arne Nilsen kjører

.

I første løp startar Frode med Bye Bye Baby. Denne 3 års hoppa eiges og av Hastaklev/Husbyn, og skal ut i sitt første ordinære løp.

 

Sist, men ikkje minst, skal Pondus starte . Han går alt i løp 2.Sist galopperte han og tgn har lita tru på plass mellom dei framste.