Blir Husankongen den mestvinnande 5-åringen på mandag?

Skrevet av Sverre Sævareid,  07.12.2012
Artikkelbilde

Mandag er det nytt løp, - og ny vinnarsjanse for Husankongen. Om han vinn då går han forbi Pondus og vil med 7 vinnarløp toppe hestestatestikken for Leangen for 5-åringar for 2012. Eigaren, Harald Johnsen har gitt frå seg taumane til Jomar Blekkan i dette løpet. Det heiter seg at ein ikkje skal endre noko når ting går bra. Men Jomar er ingen dårleg kusk… Så sjølv om motstanden denne gongen er større enn nokon gong, vert han av Trav og Galoppnytt vurdert som favoritt.

Nokon sikker vinnar er han ikkje, men sjansen for verkeleg å bli Konge er til stades.

Lykkelandets Oscar skal gå i same løp som Husankongen.

Elles skal Høiby Balder og Alfalfa starte av våre hestar, men ingen av dei er venta å vere mellom dei framste.

Men overraskingar kan skje i travløp..