Under V-75-kjøringa var det berre Bye Bye Baby som starta av våre.
Ho vart kjørt av Amanda Robertsen og leia det meste av løpet. Men like før mål kom Acers Poppey, kuska av Veronika Bugge og sneik seg forbi.
Sist måndag vart det og berre ein premie. Han gjekk til Trons Pila, kjørt av Atle Solhus.
Trons Pila har seinare prøvd seg på Bjerke, men vart uplassert der. Sportsleg er utviklinga god.
Problemet for Pila er at di betre ho travar, di dårlegare premie får ho...
Høiby Balder har blitt godkjent som montè-travar. Veronika Bugge rei han.