Skrevet av Sverre ,
01.07.2013
Bye Bye Baby var lite spela, - og gav over 15 i odds, då han overraskande gjekk først over målstreken på Leangen søndag. Odd Arne Kjøsnes gav hoppa til Frode Husbyn og Leif Hastadklev eit fint, men hardt løp. Han heldt likevel unna for konkurrentane, då dei prøvde seg mot slutten av løpet.
Folkehesten LJ`S Dreamcatcher fekk 3.plass i løpet.
Bagpipe fekk og ei fin reise i monte-løpet. Hege Morken låg langt framme heile løpet, og var sterk i spurten, - men Pompier og Liv Pedersen svarte opp og vann med knapp margin.
I sjetteløpet starta 3 hestar frå Stjørdal. Spang Draupner var favoritt, men fekk tidleg galopp og kom langt bak i feltet. Han klarte aldri å kome fram att. Han kom i mål som første utan premie, og med rekord: 31,2
Leo Even vart kjørt av Odd Arne Kjøsnes. Han fekk og ny rekord:31.0,- og ein femteplass.
Hegras Sokken kom på plassen etter, med tida 31,1. – Det og ny rekord. Arne Nilsen kjørte vallaken til Jostein Korstad .
Pondus vann løpet sitt i Østersund og Marmorjenta gjekk eit godt løp i hoppeserien på Forus Ho fekk 3-plass.Les meir om ho her.
Alt i alt gode resultat både sportsleg og økonomisk.