Skrevet av Sverre,
16.07.2021
I går sette R.M.G. Lady In Red ny rekord på 12.8 då ho vann løpet på Leangen. Trenaren Tor Arne Eggen får jamt og trutt fram betre sportslege prestasjonar. . Banerekorden på Leangen for 4-åringar viser at dette er ein hest utanom det vanlege. Det vert spennande å sjå kor langt ho vil nå.
Buvoll Kos finn formen
Etter to år med ei prestasjonskurve som peika nedover har den 11 år gamle hingsten til Lasse Rostad vakna til liv att.
Dei to siste løpa er dei beste han har gjort, sportsleg sett. Det har ikkje blitt så mykje pengar utav det- Men held denne formen fram kan det og bli betre.