Skrevet av Sverre,
15.10.2014
Vi satsar på to dugnadar før vinteren set inn
Laurdag 18 og 25 oktober vil det bli dugnadar på travbanen og kring hytta.
Dei startar kl 13 og varer 2-3 timar.
Travhytta er open for enkel servering,- dvs kaffi og vaflar.
Første økt er over. Matøkta var kan hende den der innsatsen var størst. Der vart det gjort ære på vaflane til Jørgen-
Likevel ; det vart gjort ei fin opprydding kring hytta. Magne svinga ryddesaga så det kvein. Orebuskane hadde lite å stille opp.
Det vart og sett ned merkestolpar for kvar 100 meter rundt banen, Dette gjer det langt lettare å finne startplassane for ponniløpa i åra som kjem.
Neste laurdag vert skrivaren hindra i å kome, men Jørgen har planar klåre for nye prosjekt til dei som møter fram..
Så ta med arbeidslyst og møt fram.då og.