Skrevet av Sverre Sævareid,
07.09.2012
Søndag går finaleløpet i hoppekriteriet på Bjerke. Eksperttipsa i Trav- og Galloppnytt (tgn) seier at ho ikkje vil få premie. Eigarane, Annelise Wara og Jørgen Midtlyng fortel at Eldjenta har tent til att i trening, - og vil ikkje bli overraska om ho endar langt framme i finalen.
Søndag får vi sjå kven som får rett. Førstepremien er 200 tusen.
På mandag skal Alfalfa, frå same stallen som Eldjenta, gå på Leangen. Han har tgn større tiltru til. Han er tippa som mogeleg vinnar, Favoritt er Winter Weather, med Magne Olsen som kusk.
Det er få hestar frå dalføret som startar denne kvelden. Mai Elena, eigd og trena av Lena Valstad, skal ut i eit ungdomsløp. Amanda Øien er kusk. Tgn tippar ho på andreplass.
Vidare skal Vikan Knekten og WM Utopia gå mønstringsløp. Begge har eit godkjent løp frå før. Kravet før 15 sept. er km.tid under 2,05.
På mandag skal Elve Prinsen gå løp på Romme travbane i Sverige. Vallaken til Jan Olav Dahlø er 6 år. Det er lenge sidan han starta sist, men han har gjort gode løp i Sverige før.