Eldjenta gjekk debutløp på Leangen i går. Saman med kusken, Bjørn Garberg, fekk ho ei fin reise. Faviritten,Sterkar (Atle Solhus) var det ingenting å gjere med, men Eldjenta kom ut or køen på oppløpet og spurta inn til ein god nr to. Annelise Wara og Jørgen Midtlyng har fått fram ein ny god travar.
Folkehesten, Touched By An Angel, fekk og ei fin reise av Frode Husbyn. Ho fylgde feltet fint, men då oppløpet starta klarte ho ikkje rykkje framover, og enda som første hest utan premie.Frode var likevel nøgd med løpet. Les meir her.
Ardvinna, kjørt av Ragnhild Bjørnbeth, kom litt langt bak i feltet. Heller ikkje ho makta avansere på oppløpet, - og enda utan premie. Lykkelandets Oskar (Hege Skei) kapra 6 plassen i dette løpet med Arve Sjoner i sulkyen.
Anne Guro Dahle starta alt i første løp med Pave Eldvira. Ho la seg bak Ivers, som for fort av garde. Det kunne sjå ut som om tempoet vart for stort, for mot slutten av løpet klarte ingen av dei å henge med hestane som kom bakfrå.
Anne Guro Dahle er ikkje lenger medlem av travlaget vårt, - og vil framover sjeldnare få omtale på heimesida vår. Vi ynskjer ho hell og lukke vidare, - både i og utafor travbanen.
Hoppa til Leif Husbyn, Zylona Z, og kjørt av Odd A Kjøsnes, overraska positivt. Som sisteval av 12 som starta, enda hoppa på ein fin femteplass, og bestenotering for i år.
Naipin Surprise (Tor Unsgaard) fekk 4.plass. Kjøsnes kjørte.