Eldjenta sjettepremie i hoppekriteriet.

Skrevet av Sverre Sævareid,  10.09.2012
Artikkelbilde

Som planlagt nytta Eldjenta snøggleiken sin og stakk til tet i finaleløpet. Men det var ikkje planlagt at Erik Høitomt skulle kome med Troll Sindy og presse opp tempoet over halve førsterunden. Denne harde opninga kosta for mykje , så når løpet gjekk mot slutten hadde hestane bak meir krefter att. Nestfavoritten Wik Ida vann hoppekriteriet med Vidar Hop som kusk.

 Eldjenta gjorde det likevel betre enn spelarane trudde, og nye 20 tusen kom på kontoen til eigarane, Annelise Wara og Jørgen Midtlyng.

Men det vart bomtur på Leangen i kveld. Alfalfa fekk gallopp i første sving og kom aldri inn i løpet att.

Både Vikan Knekten og WM Utopia fekk godkjent mønstringsløpa sine.

Eigar av Knekten er Petter Vikan og Nils Ole Viken, Wara/Midtlyng eig Utopia.

 

Best gjekk det  for Amanda Øien og Lena Valstad: Mai Elena enda på tredje plass. Ho vart liggande langt bak i feltet og fekk for lang veg fram då ho starta sluttspurten på siste bortre langside.