Skrevet av Sverre Sævareid,
05.10.2012
Eldjenta slo til att med eit, for mange, overraskande godt løp i kvalifiseringa til norske Oaks på Momarken travbane sist tysdag. Tida: 29,8 er ny rekord.
Bjørn Garberg gav Eldjenta eit smygløp bak Jan Olof Persson og Jarvsø Blomster. På oppløpet klarte han, etter litt plunder, å kome seg fri, - og med ein utruleg sluttspurt vann dei så vidt å kome først i mål. Bjørn vil prøve same varianten i finalen og, - men bør etter mitt syn då starte sluttspurten litt før. Det vil vere trist om ho taper med krefter att.
På V-75-løpa på Leangen laurdag har Pondus på ny fått favorittstempel i Trav- og galoppnytt.
Andre som skal starte, og som er tiltrudd plassering høgt på resultatlista er: Bagpipe og Vikan Lita.
Mai Elena skal ut i same løpet som Lita.