Skrevet av Sverre Sævareid,
06.08.2012
Eldjenta gjorde som vi håpa og trudde: vann kvalifiseringa i Dannero og skal til finalen 19 august.
Ho vann klart, - med 2,5 hestengar, skreiv Annelise. No vert det å lade opp til neste dyst.
Les meir her
Spikra, eigd av Nadja Jensen, vann hingsteløpet, - så nord-trønderane gjorde reint bord i dag.
Med det same eg bryt feriepausa, må eg ta med at Pondus ikkje berre berre vann på Nossum, - men har halde fram med å vinne. Sist vann han på Leangen no i kveld. Det er den 6. seieren hans i år, - og 4 på Leangen.
Bra gjorde og Vikan Lita det. Ikkje på Nossum, der ho fekk gallopp, men på Biri, der ho sette ny rekord (30,0) og fekk 3. plass. I kveld på Leangen vart hoppa til Linda Bremvåg kjørt av Andre H Stensen. Ho fekk ein ny 3.plass,- og ny volterekord: 30.6.
Vi gratulerer.