Skrevet av Sverre Sævareid,
13.03.2012
Alfalfa vart hindra sist mandag
Elve Prinsen spurta inn til andre plass i eit godt disponert løp og, knappast mogeleg framfor Røyns Blessa. Noralf Brækken kuska som vanleg hesten han og trenar for Jon Olav Dahlø. Han plasserte Elve Prinsen i 3 utvendig. Her låg han til siste sving. Då han gjekk ut i tredje spor og starta spurten. Tydeleg at hesten er på gang. Tida vart 29,4 , – 0,1 sek bak favoritten, Nordlirappen.
Ein ny 2. plass vart det for Anne Guro Dahle. No med Gjølmes Jet. Ekvipasjen hadde 20 m tillegg og fekk ein litt dårleg start. Hesten var ute av rytmen i utkanten av første sving. Deretter henta dei seg bra inn, men kom litt bakpå att på siste bortre langside. Det vart difor langt fram då dei starta opphentinga. Totalt sett var likevel dette og eit godt disponert løp av Anne Guro. Vinnar vart Rubinstern, ridd av Renee M Sandersen. Favoritten, Tatiana Bob, braut etter galopp.
Alfalfa kom bra i gang med sitt løp og Arve Sjoner plasserte han bak leiaren. Ein god posisjon, - om det hadde vore ein god hest som var framom. Men Pegisabell er ikkje i sin beste form for tida, og gjekk heilt tom for krefter ved inngangen til siste sving. Alfalfa måtte og stoppe og starte på nytt att bakfrå. Han enda som den første utan premie. Vinnar vart noko uventa, Speed Cavalino (Nyeng) kjørt av Atle Solhus.
Lykkelandes Oscar, som også vart kuska av Sjoner enda på fjerde plass. Her vann favoritten Prins Tom, kuska av Atle Solhus.