Skrevet av Sverre Sævareid,
05.04.2012
Marmorjenta vart stroken frå påsketravet
Elve Prinsen vann løpet sitt i Østersund skjærtorsdag Tida vart 28.1 og Premien 25 tusen svenske.
Gratulerer.
Trons Pila som var klår favioritt i Galve, fekk galopp, og måtte ta til takke med ein 5.plass 1. påskedag.
Eigaren, Jan Olav Dahlø fortel at ho fekk ein dårleg start. Vart liggande som 5. hest i andre spor. Då ho skulle ut i tredje for å rykje framover, kom galoppen. Ho enda ca 35 m etter feltet før ho kom i trav att. Likelvel enda ho som 5. Det fortel at det er ikkje noko i vegen med farten.
Elles vart det berre Leo Even som starta på Leangen. Marmorjenta vart stroken.
Som eg skreiv før løpet var det eit sjansespel, og sjeldan eit lurt val, å skifte ut ein kusk som gjer det godt. Leo Even vart kjørt langt meir offensivt enn han vert til vanleg, og gjekk tom før han kom i mål. Han berga likevel sistepremien på kr 2000.
Det same kan ein og seie om Mai Elena og Morten Valstad. Dei leia løpet då spurten starta, men klarte ikkje henge med dei som kom bakfrå. Fekk likevel ein god 4.plass.
Elles kvalifiserte Naipon Surprise seg for monteløp