Frode Husbyn skal starte i 9 løp på Leangen laurdag. Dette er første løpet for Pips etter pause, så vi kan nok ikkje vente at hoppa skal tevle mellom dei framste, - men ho har to gode år å sjå tilbake på, - så vi kan ikkje sjå bort frå ei god plassering.
Confidence Brandi fekk andreplass i sin siste start. Sette då rekord på mellomdistanse, og med Stine Aftret i sulkyen. Denne gongen er det Atle Solhus som kjører, men hesten møter sterk motstand, så vi må vere nøgde med ei god plassering.
Det samme må seiast om Funny Filiokus. Ho er ikkje tippa framme, jamvel om ho er i god form, og har fått sjølvaste Erik Høitomt som kusk.
På fredag har Annelise Wara og Jørgen Midtlyng meld to hestar til kjøringa på Orkanger : Mølleslettens Linna og W M Utopia. Heller ikkje dei ventar vi skal hauste laurbær, men det er likevel spennande å sjå koss dei utviklar seg. Bjørn Garberg kjører Linna, medan Andre H Stensen set bak Utopia.