F X Pips vinn sikkert på Leangen måndag.

Skrevet av Sverre,  18.10.2013
Artikkelbilde
Vinn F X Pips og Veronica Bugge like sikkert?

I Trav og Galoppnytt er F X Pips gjort til det sikraste seiersvalet. Det er Veronica Bugge som kjører hoppa til Tove og Leif Husbyn i ungdomsløpet. Den duoen er gjort til banker.

Elles er det to  Lånkehestar som skal ut. I første løp startar Høiby Torøna. Hoppa til Kristin Sundt har enno ikkje fått tototid. Ho har gjort gode løp i lokalkjøringar, så får vi sjå ….

I tredje løp startar Vinner Vilja, ei hoppe Oddvar Steig eig. Ho har ein andreplass på Leangen som bestenotering. Feltet ho møter måndag er hardt, - så ein må vere nøgd med ny premie. Stensen kuskar.