Fazett er død

Skrevet av Sverre Sævareid,  28.02.2013
Artikkelbilde
Fazett og Miriam Gudmestad i 2010

Nyleg fekk vi melding om at ponnien Fazett er død.

Gotlandsrussen Fazett kom til Stjørdal frå Gavle i Sverige påska 2003. Ho var då 3 år, men lite trena. Ho vart stalla opp i Beistadgrenda. I 2004 og 2005 gjekk ho 10 løp i Trøndelag, og vann 4 av dei. Ho vart så seld til Jæren. Her utvikla ho seg til å bli mellom dei aller framste ponniane på Forus. Ho vann 23 løp i alt. Rekorden sette ho så seint som i fjor: 1.54.9.

Til liks med si meir kjende tante, Sabine, gjekk ho sine beste løp i høg alder.

Fazett vart alvorleg skadd i år. Eigarane såg inga anna råd enn å avlive ponnien.

Synd ho ikkje fekk leve og trave lenger. - Og synd det ikkje vart avkom etter ei så god hoppe.

 

Les meir her