Folkehesten femte på Bjerke.

Skrevet av Sverre Sævareid,  09.09.2012
Artikkelbilde

Eg kom i skade for å gløyme Folkehesten Touched By An Angel i oversikta over hestar som går løp i helga.

Eg vil rette opp det med  å gje større omtale enn ein 5.plass normal får. Men dette var trass alt på Bjerke,- og i helga for dei store løpa der. Særleg for 3-åringar, med finalar i kriterieløpa.

Touched By An Angel er ikkje med der, men gjekk eit V-75 løp i går.  Trenar og kusk, Frode Husbyn, plasserete han som nr tre inne ved lista. Her låg han til det drog seg til mot slutten. Han fekk opning før siste sving, kom ut og gjekk i angrep. Det var likevel ikkje att meir krefter enn til ein fin femteplass, - langt betre enn spelarane trudde.

I alt har Touched By An Angel kjørt inn 47000 til dei 1000 eigarane. Han har starta 11 gonger i alt, vunne eit løp, vore på trippelen tre gonger,- og fire gonger utan premie.

Etter mitt syn skal ein vere godt nøgde med slike resultat.

Men til dette med at eg ikkje omtalar løp der hestar frå dalføret tek del: send meg gjerne tips når du ser slikt, så vil eg rette det opp så snart eg kan. -Klikk her for å sende tips