Skrevet av Sverre Sævareid,
21.03.2012
Frode var nøgd med prøveløpet
Tolkehesten, Touched By An Angel, klarte ikkje kravet, og må gå nytt prøveløp. Frode Husbyn var likevel nøgd med løpet. Han understreka kor viktig det er for ein unghest å få gode kjensler knytt til Leangen. Å kome i mål med krefter att er viktigare enn å klare kravet.Les meir
Som eg skreiv før løpa, var sjansane mange, men små denne gongen. Dei som innfridde var Leo Even. Hesten som Miguel Borrego eig, og som Harald Johnsen kjørte, avanserte ein plass, og kom på 5. denne gongen.Det vart og ny rekord:37,0. Gratulerer.
Anne Guro Dahle rei Justaminute inn til 4.plass. Hoppa til John Einar Theodorsen, Fanrem, har ikkje fått premie på lenge, - så dette var nok eit godt disponert løp av Anne Guro.
Karisma (Lena Valstad), fekk 3.plass, på tida 33,8, med galopp. Naipin Surprise (Tor Unsgaard) fekk 5.plass.
Dei andre som starta fekk ikkje premie.