Skrevet av Sverre,
19.08.2014
Frode Husbyn innfridde favorittstempelet og vann på ny med Bagpipe. Han fekk rett nok kamp denne gongen, men braut mållina først.
Frode har klart å få fram fleire gode hestar frå stallen. Ja, det er mest slik at når det startar ein hest frå stallen hans vert han rekna mellom dei framste. Når Frode tek ein hest med på Leangen reknar ein med at han er i fin form.
Elles vann Spang Draupner klårt sitt løp. Hingsten til Ruth Auran tok med det sin andre seier for året.
Edvard Kristiansen kjørte nok eit godt disponert løp, og hadde krefter att til ein solid sluttspurt.
Sist, men ikkje minst: Funny Filiokus tok sin andre totopremie. Gratulasjonar går til Pia Elsiabeth Teveldahl, som er eigar og ansvarleg trenar for varmblodshoppa.