Skrevet av Sverre,
24.06.2014
Pondus er i siget. Fekk 2-plass i sommartravet
Det vart ingen førsteplass, men to andre, 2 tredje, ein fjerde og ein femteplass i sommartravet.
Bagpipe og Hege Morken opna kjøringa på laurdag og vart nr to i monteløpet.Hege vart og noregsmeiser i travritt i Drammen for 2014. Les meir her
Nærast seier var Pondus, som vart nr 2 i langdistanseløpet for kaldblods. Lenge såg det ut til å bli førsteplass, men Briskebyrappen rappa til seg den plassen.
Pondus er likevel i siget. Han har kjørt inn over 130 tusen til eigaren Sigmund Hansen til no i år.(over 1,1 mil totalt) Har kome langt ned på 23-talet i tid, - men kan berre vise til ein førsteplass.
På fredag vart Confidence Brandi nr 3 i Orkdal. Arve Sjoner kjørte. Eigar er Leif og Nils Rønning.
Bye Bye Baby vart kjørt av Jomar Blekkan på Leangen søndag. Dei kom og på 3.plass.
F X Pips sette rekord på langdistanse på tida 16,4. Frode Husbyn kjørte han sjølv inn til 4.plass på Leangen laurdag.
Til sist fekk Creeks Brave 5.plass. Asbjørn Tengsareid kjørte.
Av dei 6 premierte er heile fire knytt til stallen til Frode....