Årsskiftet er tida for å sjå tilbake, men og framover.
For oss lokalt har også dette året vore prega av gode sportslege resultat.- Betre enn nokon gong, vil eg tru. Eldjenta og Pondus lyser på kaldblodssida og FX Pips på varmblodssida.
Utan å ha lese hestesatestikken grundig set eg med inntrykket av at det er eit fåtal hestar som står for desse gode resultata.
Utvikliga går også innan hestesporten i retning av at dei aller beste drar til seg storparten av pengane, - og at det vert småpengar for dei som kjem i skiktet under.
Slik er det i all idrett. «The winner takes it all», heiter det..
Konsekvensane av dette blir ei todeling: ein liten del som har offentleg interesse, og som tener pengar på sporten, - og ein stor del som driv for seg sjølve, ut frå eiga interesse.- Og med vona om å ende opp saman med eliten.
Det er fint at det i vårt lag er amatørtrena hestar som gjer det bra. Vi må likevel sanna at det er flest profesjonelt trena hestar som tronar øvst.
Fram til no har DNT arbeidd for amatøridretten, men med dei økonomiske vanskane som har kome er det grunn til å tru at dette vert nytta som argument for å profesjonellisere sporten meir..
Men det krevest breidde for å få fram einarar. Utan at breidden får levelege kår vil og toppen forvitra.
Vi må og sanna at det er nokre få som arbeider for travanlegget vårt. Fokus har vore på å halde ved like den gode travbanen, - og elles steg for steg å gjere anlegget betre. I år har vi fått vatn i hytta.
Vi har søkt DU-støtte til lysanlegg neste år. Sjølve hytta treng og fokus.
For å gjere anlegget endå betre står eit rettstrekk på ynskjelista.. Men det vil vere eit krafttak som vi i dag ikkje har musklar til. Vi kan berre trene vidare og bygje opp muskelmasse til vi klarar det og.
Godt nytt år.