Harald Johnsen og Husankongen avslutta 2012 med utropsteikn !

Skrevet av Sverre Sævareid,  01.01.2013
Artikkelbilde
Husankongen vinn sitt 8 løp på Leangen 31.desember 2012

Det siste løpet til Husankongen vart eit nytt utklassingsløp. Harald gjekk denne gongen fram litt tidlegare enn han brukar, - men på vanleg vis sette han inn støtet på siste bortre langside. Denne gongen venta han til inngangen til svingen før ekvipasjen tok farvel med konkurentane. Og som løpsreferenten treffande sa det : «Ut på oppløpet er det bare en hest i banen».

 

Husankongen har hatt sein start. Han gjekk godkjent prøveløp i 2010, men fekk då ingen premie før i år, - som 5-åring. I år har han starta 11 gonger. Han fekk ikkje godkjent det første prøveløpet 14 mai. Men frå 15 juli har det berre gått ein veg. Då fekk han godkjent prøveløpet sitt og 20.august vann han sitt første ordinære løp. 25.spetember vart han nummer 2. Dei 6 siste gongene han starta har han vunne !

 

Med 8 første- og ein andreplass tronar han øvst på seierssatestikken til Leangen for 2012.

 

Vi gratulerer.

 

Husankongen er under Lome Elden. Hans beste avkom er Mørtvedt Jerkeld, som har kjørt inn over 6 mill. Mora er Edelprinsessa under Braute. Ho er fødd i 1988 og hadde ei bestetid på 26,9 og sprang inn ca 225 tusen.

Det er såleis grunn til å håpe på nye gode prestasjonar av Husankongen i året vi nett har gått inn i.