Skrevet av sverre,
06.04.2013
Husankongen gler seg til løpet
Jomar Blekkan gav kongen ei fin reise. Lenge såg det ut til å bli andreplass, men tapte han til Granfaks. Suveren vinnar vart Sagi Allvinn og Kai Johansen.
Bjørn Garberg kjørte også Eldjenta på ein god måte. Ho enda med sistepremien og hadde ikkje krefter, eller var ikkje motivert til å vere med i sluttspurten.
Verre var det med Arne Nilsen og Pondus. Det kunne sjå ut som han ikkje hadde lese programmet, - og visste kva motstand han møtte. Nilsen kuska som om det var ein bil han kjørte. Etter å ha kjørt i 3-spor mest heile løpet hadde Pondus fått nok og slo over i galopp. Slik kjøring ventar ein ikkje frå ein så røynd kusk. Får berre håpe at Pondus ikkje misser løpslysta etter dette marerittet.