Husankongen andreplass

Skrevet av sverre,  22.04.2013

Harald Johnsen kjørte Husankongen  klokt i kveld. Han låg ei stund som andre utvending, men måtte fram og dra andresporet då det gjekk for seint og dei kom for langt bak. Dette vart til fordel for vinnaren, Engas Odin. Roar Walsøe la seg i rygg på ”Kongen”, og på oppløpet hadde denne ekvipasjen mest krefter att. Husankongen klarte andreplassen, - på ny rekord:27,2.

Mai Elena vart og kjørt på ein god måte av eigaren, Lena Valstad..Ho kom med ein solid sluttspurt, - og enda på 5. plass.

Vikan Lita fekk og eit fint løp av Jomar Blekkan. Det rakk likevel ikkje til premie i kveld. Det fekk heller ikkje dei andre Stjørdalshestane som starta.