Skrevet av Sverre Sævareid,
20.08.2012
Husankongen og Harald Johnsen vinn suverent
Det går opp og ned i travsporten og. I helga hadde vi stort håp knytt til Eldjenta på Dannero og Bagpipe på Leangen. Begge var favorittar, men enda som nr 5 i løpa sine,
Jørgen Midtlyng fortel at Eldjenta var i brunst og lite løpsvillig denne dagen. Han er nøgd med hesten, sjølv om resultatet vart som det vart. Les meir her.
Bagpipe fekk startgallopp og hamna sist. Det kosta for mykje, slik at han ikkje hadde krefter att til sluttspurten.
På Leangen i kveld skuffa også Leo Even. Han enda utan premie.Det same gjorde Pearl Princess.
Men i 10 og siste løp kom Harald Johnsen med sin eigen hest, den 7 år gamle valakken, Husankongen. Han sleit seg gradvis framover, og siste 500 var han konge i feltet.