Skrevet av Sverre Sævareid,
25.02.2013
Husankongen til ny seier i kveld
Harald Johnsen kuska Husankongen inn til seier i 9 og siste løpet på Leangen i kveld. Han brukte same oppskrifta som i dei siste løpa: litt varsam opning, for så å setje inn støtet på siste bortre langside. Det såg lenge bra ut, men Hongslo Gutten og Frank Westberg hengde seg på, og gjekk i eit farleg angrep på oppløpet. Angrepet enda med galopp, - noko som sikra seieren for Kongen.
Steinbra av Marmorjenta.
Det har løsna skikkeleg for Marmorjenta. I 2013 har ho til no kjørt inn over 92 tusen,- mot 18 tusen i heile fjor. Ho vann 60 tusen i V -75 seier i Bergen førre helga. Forvandlinga har kome etter at ho kom til team Bjerring. Han er full av lovord om hoppa til Sigmund Hansen på heimesida si.
Trons Pila med ny rekord
To femteplassar og ny rekord på Vincennes for Trons Pila. Hoppa til Jan Olav Dahlø fekk den store æra å få vere med på det prestisjetunge kaldblodsløpet i Paris i helga. Ho takka for tilliten med å gå sitt aller beste løp,- og sette ny rekord med 24,0 over 2100 meter. Likevel vart det berre femteplass,- og småpengar på kontoen.