Husankongen toar på Leangen.

Skrevet av Sverre,  24.11.2013
Artikkelbilde

Husankongen gjekk eit nytt godt løp og saman med Jomar Blekkan storma han inn til andreplass.

Han har no nær 250 tusen innkjørt i år, - det doble av i fjor.

Bye Bye Baby fekk galopp straks etter start, og var ute av løpet. Becky`s Sunflower vann ikkje fram til premiane i går.

Det gjorde derimot Mai Sjura. Hoppa til Jostein Korstad fekk tredjeplass i førsteløpet. Premie fekk og Høiby Torøna. Saman med Bjørn Grande fekk ho sistepremien i same løpet. Ho fekk denne gongen ein svært lang gallopp,- så ein kan vere nøgd med at ho likevel klarte om lag same tid som sist.