Skrevet av Sverre Sævareid,
11.12.2012
Jomar Blekkan vinn med Husankongen
Jomar Blekkan var ikkje noko dårleg val når Harald Johnsen skifta kusk til hesten sin. Kongen kom godt i gong med løpet sitt, og låg heile tida mellom dei framste. Men, på same måte som når Harald kjører sjølv, er det på slutten av løpet at Kongen set inn støtet. Då går han fram og set dei andre i skuggen. Som eg skreiv før løpet har Husankongen no og gått til topps på statestikken over dei mestvinnande 5-åringane for kaldblods. To løpsdagar står att.
Lykkelandets Oscar fekk 4.plass i dette løpet.Morten Krogh og Kjell Hvidsand eig denne 9-årige vallaken, - som og har hatt sin beste sesong i år.
Det same fekk Alfalfa , vallaken til Annelise Wara og Jørgen Midtlyng. Han kom og svært sterkt mot slutten av løpet. Ting tyder på at han er tilbake i god form att.
Leo Even, vallaken til Miguel Borrego, kapra og premie. Han vart som vanleg kuska av Odd Arne Kjøsnes.