Eldjenta 4.plass i hoppederbyet - Husankongen vann –

Skrevet av Sverre ,  09.09.2013
Artikkelbilde
Eldjenta vart nr 4 i hoppederbyet

På Bjerke tende Eldjenta til frå start og tok leiinga frå 8 spor. Vik Ida fekk etterkvart leiinga, og Eldjenta låg i rygg på ho heile løpet.

Som vanleg slokna ho på slutten, men Bjørn Garberg klarte mane ho til ein fjerdeplass, - og 75.000 kroner på kontoen.

Dette er siste løpet for Eldjenta, i fylgje eigarane Annelise Wara og Jørgen Midtlyng Ho skal heretter vie seg til morsrolla. Ho er drektig med eit føl etter Åsajerven.

Husankongen tok sin andre strake seier på Leangen i kveld., av fire i alt i år. Oppgjeret vart jamnt, men Jomar Blekkan klarte å halde seg framst heilt til mål.

Han fylgde sitt vanlege opplegg med å plassere seg langt framme, for så å starte ein langspurt på siste bortre langside. Husankongen var først i andresporet ut på oppløpet, men gjekk tidleg fram og tok leiinga. Tida vart 25,8.

 

 

Pearl Princess vart nr to og vann 50.000 for Lars Brekke i V 75-løpet på Bjerke i helga. Tida vart gode 15,6 over 2100 m. Frode Husbyn kjørte.