Skrevet av Sverre,
08.08.2017
Jaccaroo runda 100 tusen innkjørt då han vann på Leangen i går. Vallaken til Leif Hastadklev og Anita Petersen har gjort det rimeleg bra i år, etter eit magert år i fjor. Han er no i trening hos Jomar Blekkan. Det var og Jomar som kuska i går. Han låg litt bak utvendig fram til siste bortre langside. Då sette han opp tempoet og var i tet før svingen. Vart litt pressa på oppløpet av Baritron, men seieren var ikkje trua. Gratulerer.
Elles vann Stjørdalshesten Andreas Eme førsteløpet. Hilde Mathisen eig denne. I 10. løp vann Bleke Balder, som Jan Olav Dahlø og Birgit Venn har ala fram.