Skrevet av Sverre,
29.01.2017
Leif Hastadklev får pokalen som eigar av Årets Varmblods 2016: Saturday Mornings"
På Generalforsamlinga vart Joar Leirfall attvald som leiar. Med seg i styret fekk han Sverre Sævareid. Eline Hernes, Torbjørn Fagerli og Marie Leirfall.
Årsmøtet sa seg nøgd med aktiviteten i året som gjekk. Både lokalkjøringa, Hestens dag og 110 års-markeringa var vellukka, men sportsleg vart det ein nedtur. Berre om lag 300. tusen innkjørt.Det meste av dette stod hestane til Leif Hastadklev for.
Det er uvisse knytt til oppgjeret etter voldgiftsdomen.
(Referat frå møtet finn du i lenka til høgre)