Skrevet av Sverre,
01.02.2014
Joar Leirfall vart attvald som leiar på generalforsamlinga i travhytta i går kveld.
Årsmeldinga var prega av svært gode sportslege resultat.
Innlegging av vatn og gode treningsforhold ved anlegget vart og drege fram som positivt for 2013
Like eins den vellukka vinterkjøringa.
Til sist vart godt økonomiarbeid framheva som positivt.
Fullt referat finn du om du klikkar "Årsmeldinga" ovafor og på lenka til høgre.
For 2014 vart 3 saker framheva: lokalkjøringa 8 mars.
Målet er at ho skal bli minst like vellukka som i fjor.
Vidare vil vi starte opp prosjektet med å få lys på banen. Det vart søkt om DU-middel, men vi vart så lågt prioritert av Forbundet at vi ikkje kan forvente å få noko tilskot frå DNT. Likevel vil vi så smått starte opp arbeidet med eigne middel.
Det tredje prioriterte området er ungdomsarbeidet. Målet er å få ei aktiv gruppe.
Etter at generalforsamlinga var avslutta fekk Annelise Wara overrekt pokal for Eldjenta og "Årets bragd".