Joar held fram som leiar

Skrevet av Sverre Sævareid,  07.02.2020
Artikkelbilde

På generalforsamlinga vart Joar Leirfall attvald som leiar. Sverre Sævareid som nestleiar.

Med seg i styret held Marie Leirfall fram, og Jan Olav Dahlø kom inn som nytt styremedlem.

Leif Rønning vart vald inn som nytt styremedlem. Han var vara i siste periode, saman med Mari Skaug.

Som nye varamedlemer vart Arve Welvang og Lasse Rostad valde.

Årsmeldinga og rekneskapet vart godkjende. Budsjett for 2020 vart vedteke.

Like eins to framlegg frå styret: Det eine var ei oppjustering av baneleiga/treningsavgifta.

Det andre eit forslag om å be Midt-Norge Travforbund ta initiativ til, og eventuelt leie, drøftingar mellom Stjørdal og Lånke med sikte på å slå saman travlaga.