Joar ny leiar.

Skrevet av Sverre Sævareid,  26.01.2013

Mange av dei aktive i travlaget hadde samla seg i travhytta for å avvikle generalforsamlinga og til sosialt samvær etterpå.

Det var stor spenning knytt til kven som skulle bli ny leiar etter at Jørgen Midtlyng sa han ville gå av etter 6 år i  rolla. Han sa seg likevel villig til å yte det nye styret hjelp og støtte. Mellom anna kunne han ta på seg oppgåva som ansvarleg for medlemsregisteret.

Det vart Joar Leirfall som vart vald. Han har vore styremedlem og aktiv i travet i årevis. Med seg i styret fekk han: Johan Vikan Sævareid som ny nestleiar,  Torbjørn Fagerli og Sverre Sævareid frå det gamle styret, - og  Roar Velva  som nytt styremedlem.

Referat frå Generalforsamlinga 25.januar 2013.01.

Møtet vart opna av Jørgen midtlyng.

Innkallinga vart godkjend. Møteleiar: Jørgen MIdtlyng. Skrivar:Sverre Sævareid

Underskrivarar av protokollen: Johan Vikan Sævareid og Annelise Wara

Årsmeldinga vart lagt fram og vedteken med små rettingar og tillegg.

Stor fokus på svært gode sportslege prestasjonar i 2012.

Revidert rekneskap vart lagt fram og godkjend.Det viste eit overskot på om lag 38000 kroner.

Medlemskontingenten vart uendra:  kr. 200 for 2014.

Val:3 styremedlem var på val: Jørgen Midtlyng, Ellen Duister Andersson og Torbjørn Fagerli. Jørgen og Ellen ynskte ikkje halde fram i styret.     Nye vart: Joan Vikan Sævareid og  Roar Velva . Torbjørn tok attval.

Leiar : Joar Leirfall. Nestleiar: Johan Vikan Sævareid 

Styremedlem: Sverre Sævareid, Torbjørn Fagerli og Roar Velva 

Varamedlem:Harald Johnsen og Annelise Wara

Johan Vikan Sævareid vart vald til laget sin  representant på Midt -.Norge Travforbund sitt årsmøte:

Vara: Jørgen Midtlyng.

Torbjørn Rostad vart vald til laget sin  representant på region Nord-Trøndelag sitt årsmøte

Revisor: Jørgen Midtlyng og Torbjørn Rostad. Vara  Jon Olav Dahlø

Valnemnd:  Jon Olav Dahlø, Annelise Wara og Harald Johnsen.