Skrevet av Sverre Sævareid,
03.12.2012
Nok ein seier til Husankongen laudrag 1.desember
Husankongen fekk ei svært lang reise fram til tet denne gongen. Han vart sjenert av ein galopp framfor seg då dei nett hadde starta sluttspurten. Men Harald Johnsen nytta på ny magien sin og Kongen storma framover oppløpet fort nok til ny triumf.
Slik løpet utvikla seg vart dette ein stor prestasjon.
Lykkje Tufs fekk andreplass i same løpet. Atle Solhus kjørte for eigar og trenar: Frode Husbyn.
Andreplass fekk og Trons Pila og Noralf Brækken.
Det vart to tredjeplassar. Den eine til Pondus og Sigmund Hansen. Den andre til Mai Elena, - og Lena Valstad. Hoppa var kjørt av Gunnar Austevoll. Dei låg lenge i tet, men det heldt ikkje heilt inn. Tredjeplass i V- 75 løp, kan ein likelvel vere nøgd med.
Bagpipe og Frode Husbyn fekk fjerdeplass i sitt løp.
Detet vart premiefangsten denne dagen.